Det lyser i stille grender

Lyrics
Language:
[Tekst til "Det lyser i stille grender"] [Vers 1] Det lyser i stille grender Av tindrande ljos ikveld Og tusunde barnehender Mot himmelen ljosi held [Vers 2] Og glade med song dei helsar Sin broder i himmelhall Som kom og vart heimsens frelsar Som barn i ein vesal stall [Vers 3] Han l�g der med h�y til pute Og gret p� si ringe seng Men englane song der ute På Betlehems aude eng [Vers 4] Der song dei for fyrste gongen Ved natt over Davids by Den evige himmelsongen Som alltid er ung og ny [Vers 5] Den songen som atter tonar Med jubel kvar julenatt Om barnet, Guds Son, v�r sonar Som d�den for evig batt
Rate this song
0/5.0 - 0 Ratings
5
0.0% (0)
4
0.0% (0)
3
0.0% (0)
2
0.0% (0)
1
0.0% (0)
Loading comments...
Credits
- Writers
- Lars Søraas d. y.
- Jakob Sande