Stjerneskot

Lyrics
[Vers 1] Somme pratar om ein himmel blå Men uværsskyer er alt eg kan sjå Stormen nærmar seg med raske steg Eg må gje meg i veg for å komme til deg [Vers 2] Somme pratar om eit siste brekk Om lønna for strevet som dei aldri fekk Elva under oss renn svart og stri Men alt har sin tid, i natt er du mi [Chorus] Som eit stjerneskot kom du inn i min sfære Djup var lengta du vekte i meg Eg kan hugse du sa til meg, kjære "Aldri sjå ein annan veg Aldri sjå ein annan veg" [Vers 3] Somme prata om Sankt Peters port Om eg kjem dit, blir eg sikkert vist bort Stundom hamnar du i tvilsomt lag Truslar og slag, alt kjem for ein dag [Chorus] Som eit stjerneskot kom du inn i min sfære Djup var lengta du vekte i meg Eg kan hugse du sa til meg, kjære "Aldri sjå ein annan veg Aldri sjå ein annan veg" Som eit stjerneskot kom du inn i min sfære Djup var lengta du vekte i meg Eg kan hugse du sa til meg, kjære "Aldri sjå ein annan veg Aldri sjå ein annan veg"
Rate this song
0/5.0 - 0 Ratings
Loading comments...
Credits
- Writers
- Tom Roger Aadland