Førnesbrunen

Lyrics
[Tekst til "Førnesbrunen"] [Instrumental Intro] [Vers 1] Høyr, klokkene kling Dei ber vidt ikring Og slaga og stega er tunge Men sjeler av gamle og unge Dei veg ingenting [Vers 2] Eg trør og eg trør Men bak kvar ei dør Har lydlause føter gått føre Og alle ho valde å røre Dei blir no mi bør [Refreng] Høyr, klokkene slår Og fjellskogen står Høyr, klokkene slår [Vers 3] Ein vandrar i svart Ho treng ikkje kart I boka ho løyner i famna Står soga om gardane, namna Og alt det vi vart [Vers 4] Eg veit kvar eg skal Den siste som fall Han lærte meg stega og vegen Og om eg vart tukta og slegen Eg lydde eit kall [Refreng] Høyr, klokkene slår Og fjellskogen står Høyr, klokkene slår Og fjellskogen står [Outro] Og susar når dagen er omme For alle dei einsame stumme Som var her i går Her i går Her i går Her i går Her i går Her i går
Rate this song
0/5.0 - 0 Ratings
Loading comments...
Credits
- Writers
- Gunnhild Sundli
- Jon Even Schärer
- Magnus Børmark