Fanitullen

Lyrics
[Tekst til "Fanitullen"] [Instrumental Intro] [Vers 1] I desse traumetider kor makt i ørske rår Og Ragnarok på nyom kan skapa pinekår Der menneskje som jotnar kan kjempe gudar ned Og berre domedagen kan gjeva varig fred [Vers 2] Står det eit blodig brudlaup på denne vesle jord Der mørkemakter kjempar mot dei som er av sol Og fatige må lide for dei som har det flott Frå livsens mørke kjellar det lydest enn ein slått [Instrumentalt Refreng] [Vers 3] Der svik og svartsjuke er som grøde Som veks av udådar, drap og døde Der hat og rovlysten ligg på lur Og valdar livet bak lås og mur [Vers 4] Der lyder slåtten av skrik og pine Frå spelemannen i blåne skinet Om noko lukkast og står til liv Den aggen atter til vanvet driv [Vers 5] Det bit og knasar i bein og krafsar Med kjøtermunnar som blodet slafsar Av heilt uskuldige tekne att Og strupekvelte i ævig natt [Vers 6] Den må seg fredlaus til grava slepa Som søkjer sæla i det å drepa Kvar gong ein kvitkledd er kjempa ned Da finn den svarte i slåtten fred [Instrumentalt Refreng] [Vers 1] I desse traumetider kor makt i ørske rår Og Ragnarok på nyom kan skapa pinekår Der menneske som jotnar kan kjempe gudar ned Og berre domedagen kan gjeva varig fred [Vers 2] Står det eit blodig brudlaup på denne vesle jord Der mørkemakter kjempar mot dei som er av sol Og fatige må lide for dei som har det flott Frå livsens mørke kjellar det lydest enn ein slått [Instrumental Outro]
Rate this song
0/5.0 - 0 Ratings
Loading comments...
Credits
- Writers
- Knut Buen
- Gåte